(NB: kun 5 stk igjen nå). 80 enkle, sunne og varierte oppskrifter på både frukost, matpakker, middagar og sukkerfrie alternativ til det søte.
Linda Stuhaug er ernæringsstudent og står bak bloggen lindastuhaug.no. Dagleg oppsøker 10.000 nordmenn bloggen for å få tips til å ete både sunnare og betre. Boka Opptur med sunn mat er for deg treng inspirasjon til sunne, enkle og varierte oppskrifter. Her finn du 80 spennande oppskrifter på både frukost, lunsj og matpakker, middagar og sukkerfrie alternativ til det søte. I tillegg kan du bruke boka som eit verktøy for å komme i gang med kosthaldsendringar. Linda deler dei beste tipsa for eit sunnare matval, gir konkrete anbefalingar og motivasjonstips som er enkle å følge.
Boka Opptur med sunn mat er perfekt for deg som treng ein dytt i riktig retning eller som ønsker å halde på dei gode vanane. La Linda vise deg at det er ein opptur med sunn mat!
Du kan følge Linda på Instagram @lindastuhaug og på Facebook @lindastuhaug.no
Nokre av dei flotte oppskriftene i boka:
Fløyelsmjuk havregraut
Proteinrikt havrebrød
Bakt avokado med egg
Laksewraps
Sunne bananpannekaker
Eggemuffins
Tacogryte
Pannesteikt torsk med rotgrønsaker og purreløksaus
Krema kyllingwok
Søtpotetpizza
Hjortegryte
Brownie cookies
Bringebærmuffins med kvit sjokoladeglasur
Mocca ispinnar
Yoghurt pannacotta med jordbær
Vaniljefudge med flaksalt
Suksessterte utan tilsett sukker
Gulrotkake utan tilsett sukker
Litt om forfattaren:
Linda Marie Stuhaug (f. 1994) kjem frå Naustdal i Sogn og Fjordane. Tidligare har ho gått kokk- og servitørlinja, tatt Personlig Trener utdannelse i USA og jobba på treningssenter.
For tida bur Linda i Oslo og studerer Samfunnsernæring ved Høgskulen i Oslo og Akershus. Utruleg spennande og lærerikt studium som er midt i blinken, da hennar aller største lidenskap er sunn og næringsrik mat, helse, kosthold og trening.
Dette seier ho om seg sjølv på bloggen:
«Eg har alltid likt å lage mat, eksperimentere med ulike råvarer og oppskrifter. Maten har både vore eit problem og ein løsning for meg i tenåra etter eg la om livsstilen min som 15-16 åring. Dette er erfaring eg har tatt med meg vidare i livet og er bakgrunnen til at eg utvikla den store lidenskapen eg har.»